For hytteeiere


Gratis skibuss fra 2. juledag

23.12.08

Gratis skibuss fra Røldal sentrum og Seljestad til Røldal Skisenter hver helg og i ferier. Les resten »

Antatt byggestart.

31.03.08

Det kjem ein del spørsmål vedr. kva tid dei kan begynne med hyttetomtene i Myklastøl, og til det er det berre å svara at det er VÅR HERRE som bestemmer, det er ver og temp som avgjer kor lenge snøen vert liggande, men når me kjem til midten av mai bør ein forventa oppstart, håpar dei fleste vert påbegynt/ferdige i løpet av hausten, då det ikkje er nokon ønskesituasjon å ha annleggsområdet der i  lang tid.

Som ein opplysning skal Otium bygga resten av lelighetene (14 bygg) i løpet av hausten.

Parkering

21.11.07

Når det gjelder parkering, er det viktigt at alle parkerer så «tett» som råd, slik at det er plass til så mange biler som det er tiltenkt på det enkelte område. Dessuten er det viktigt at alle parkerer ut-inn på parkeringsplassene og ikkje langsetter, då er det plass til flest biler. Ellers må ingen setta bilane i hovedveg eller sidevegar, bortsett frå privat parkeringsplasser, då dette hindrer eller i verste fall stenger for brøytinga. Ting som vert forlete på parkeringsplassen f.eks. ski, staver, kjelker ol. som snør ned og vert skada ved brøyting, vert ikkje erstatta. Brøytestikk som er satt opp langs vegen må ikkje fjernast, då dette er det einaste holdepunkt me har for å finna vegen når det er komt snø. Kvar hytteeigar bør setta opp brøytestikk på eventuell privat parkeringsplass dersom dei vil ha det brøyta, dette må avklarast med kvar einskild.

Miljøhus

21.11.07

Det er tømming av bosscontainere kvar onsdag, det er viktigt at brukarane tek dette med kildesortering på alvor, dessuten er det berre husholdningsavfall som skal i containerene. Røldal Røde Kors Hjelpekorps kommer til å setta inn ein container for tomflasker/bokser som dei får pant for, så då støtter de ei god sak når de sorterer ut flasker og bokser. Dessuten er dette med orden og ryddighet noko som alle er tjent med, det skaper ein bedre trivsel.

VIKTIG!

Det har i den seinare tida vorte kasta ein god del avfall, f.eks. madrasser, grillar, senger og ski. Dette SKAL ikkje i Miljøhuset, det får kvar enkelt hytteeigar ta seg av. Odda Kommune som tar seg av søppeltømminga, tek ikkje dette med, nå har eg rydda opp i dette, og håpar at alle tek dette på alvor. Dessuten har det også kome vanleg søppel opp i tomflaske-dunken til Røldal Røde Kors, der skal jo berre flasker og bokser som dei får pant for.

Helsing Håradalen Utvikling

v/Arne Martin Botnen